Attraksjoner
Evje Mineralsti
Evje og Iveland, dette området er verdenskjent for sin mineralrikdom, og blir kvart år besøkt av tusenvis av steininteresserte turister fra heile Europa. I dei fem gruvane som høyrer til Evje Mineralsti er det til sammen funnet ca. 65 forskjellige mineraler. Dei fleste i Landsverk ,Jokelidgruva, Her er kiosk med utsalg av mineraler, suvernier og pølse , pizza, is, vaffler og brus. Evje Mineralsti er særs egnea for familier der både dei store ,og dei heilt små kan kose seg i fin natur, finne fine krystaller og andre fine mineraler. Kiosken er betjent i tida 15.06 til 15.08. Utenom sesongen er det sjølvbetjening slik at det er mulig å besøke Mineralstien frå tidlig vår til sein haust.
Website: http://www.mineralstien.flaatgruve.com
Source: Setesdal
Evje og Hornnes Geomuseum
Evje og Hornnes Geomuseum er eit innhaldsrikt bygdemuseum med ei einesåande mineralsamling. Mellom gamle bondegjenstandar finn du Setesdals eldste apotek, skulestoge, skomakerutstyr, rokk og vev, fleire flotte mineralsamlingar med både norske og utenlandske mineralar. Det finst til og med utstyr som sjølvaste Marie Curie skal ha nytta i sitt arbeid med radioaktivt materiale tidleg på 1900-talet.
Museet er ope i sesongen juni-august. Etter avtale kan museet opnast for skuleklassar, turistbussar, grupper for guiding m.m.
Source: Setesdal
D/S Bjoren
Ein tur med den gamle vedfyrte dampbåten Bjoren frå 1866, er ei oppleving av dei sjeldne. Båten går i rute søndager i juni, juli og august månad, og ein rundtur varer a. 2,5 timar. Utgangspunktet er Byglandsfjord, alternativt Bygland. For meir info og bestilling sjå www.bjoren.no eller ring 99518 203. Utanom dei faste rutene kan det køyrast turer for grupper opp til 50 personar. Passer ypperleg som avbrekk i bussturar, sykkelturar, for lag, foreiningar, firma, slektsstemne, brullyp o.l. Vi arrangerer også turar saman med restauranter, kafear og overnattingsstadar langs Byglandsfjorden.
Chartersesong: Medio mai - medio september, Øl og vinrett, samt bespisning.
Source: Setesdal
Das "Byglands Museum"
Bygland Museum er eit friluftsmuseum med gamle gardsbygningar frå kommunen frå 1600-talet og framover. Den store årestoga frå 1650 gjev eit blikk inn i mellomalderen, og ute er dei gamle nytteplantane eit vakkert skue. Museet ligg idyllisk ved fjorden like ved Glashytta, Brygga Cafè og badeplass, og er veleigna for ein pause langs vegen.
Source: Setesdal
Die Kunstglashütte im Setesdal
Glashytta i Setesdal er glasblåseri med utsal som opna i 2000. Glashytta ligg like ved Bygland Museum i Bygland. Verkstad ope for publikum. Produksjon og utsal av eigne produkter. Unike bruksting. Velkomen. Turistinformasjon.
Source: Setesdal
Setesdalsbanen
Setesdalsbanen er en smalsporet (1 067 mm) museumsjernbane som går på den 8 kilometer lange, ville og naturskjønne strekningen mellom Grovane og Røyknes stasjoner i Vennesla kommune, Vest-Agder fylke.
Banen ble åpnet i 1896 mellom Kristiansand og Byglandsfjord. Bare 2 år etter nedleggelsen i 1962 åpnet Norges første museumsjernbane. Siden da har du kunnet oppleve et levende museum, med over 100 år gamle damplokomotiver, stilfulle trevogner, ærverdige stasjonsbygninger og lukten av kull.
Setesdalsbanens Venner støtter arbeidet med å ta vare på bane, bygninger og materiell. Frivillige fra foreningen bidrar med alt fra vedlikeholdsarbeid, restaureringer og dokumentasjon, til personale i togdriften.
Mer informasjon www.setesdalsbanen.no
Source:Martin Mertens
Naturschutzgebiet 'Årdalen'
Årdalen Naturreservat ligg på austheia i Bygland kommune og vidare søretter i Åmli kommune. Naturreservatet er lett tilgjengeleg inn Årdalsvegen som er ein privat bilveg du kan nytte mot å betale bomavgift ved bommen på Haugetveit.
Fottur mellom Åraksbø og Tovdal vart våren 2011 teke med av Jens A. Riisnæs sine 25 beste reisemål i Noreg!
I Årdalen hekker alle dei sju norske spettene, kvitryggspett, dvergspett, tretåspett, gråspett, grønnspett, flaggspett og svartspett.
Source: Setesdal
Ose - "Reiårsfossen"
Ose er ein liten tettstad like ved riksveg 9 nord i Bygland kommune der Otra renn ut i Åraksfjorden. Her har det vore skysstasjon sidan 1887. På Ose finn du eit sjeldsynt bygnings- og kulturmiljø med mellom anna:
- Ose Turistheim som vart bygd i 1909 og som framleis er i drift.
- Ose Ullvare som er drive av Annemor Sundbø, ho er ein institusjon i seg sjølv med omsyn til bruk av ull på alle måtar.
- Storstoga, eit sjeldsynt forsamlingslokale bygd av stort tømmer. Tømmeret vart felt vinteren 1655/56.
- Ose grendehus, moderne kulturhus og forsamlingslokale som vert nytta til ulike arrangement.
- Daglegvarehandel med bensinpumpe.
Rett sør for Ose ligg Reiårsfossen som er verd ein pause i seg sjølv.
Det bur ikkje mykje folk på Ose, men her er stor aktivitet og det vert skipa til fleire større og mindre kulturarrangement: Maskerade, Blueslaurdag, Countryfestival, Matmarknad med fleire.
Source: Setesdal